Medjugorje Budskapene containing 'som'
Total found:
347
Budskapet, 1.mars 1984
"
K
jære barn! Eg har valt dette soknet på ein særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle skal vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire
som
blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag vil eg koma med ein bodskap til dykk.
"
Budskapet, 8.mars 1984
"
T
akk for at de svara på mitt kall! Kjære barn, de i soknet, omvend dykk. Det er mitt andre ynskje. På den måten vil alle
som
kjem hit bli i stand til å omvende seg.
"
Budskapet, 29.mars 1984
"
K
jære barn! På ein spesiell måte ber eg dykk i kveld om å halde ut prøvingane. Tenk på korleis Den Allmektige framleis lir i dag på grunn av syndene dykkar. Så når lidingar kjem, gje dei
som
eit offer til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 5.april 1984
"
K
jære barn! Denne kvelden ber eg om at de spesielt ærar hjartet til Sonen min, Jesus. Gjer godt att for såra
som
er påførde hjartet til Sonen min. Det hjartet er krenkt av all slags synd. Takk for at de har kome denne kvelden.
"
Budskapet, 30.april 1984
(Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"
S
jølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet,
som
eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg.
"
Budskapet, 17.mai 1984
"
K
jære barn! I dag er eg særs lykkeleg fordi det er mange
som
ynskjer å vie seg til meg. Takk skal de ha. De har ikkje teke feil. Sonen min, Jesus Kristus, ynskjer å skjenke dykk særskild nåde gjennom meg. Sonen min er lykkeleg for dykkar truskap. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 24.mai 1984
"
K
jære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg,
som
er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene
som
er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.mai 1984
Kristi himmelfartsdag. Det var mykje folk tilstades, men det kom ingen bodskap. Jomfru Maria fortalte at ho ville gje ein bodskap laurdag,
som
skulle offentleggjerast i kyrkja sundag.
Budskapet, 2.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at Den Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de skal ikkje angre på det. Gud vil gje dykk gåver
som
vil få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje noko til dei eller å ta noko
som
helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be den Den Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de vil be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.august 1984
Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"
E
g ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så mykje
som
muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria.
"
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.
Budskapet, 30.august 1984
Bodskapen handlar om krossen
som
er bygd på ein åskam ved Medjugorje:
"
K
jære barn! Krossen var også i Guds plan då de bygde han. Gå særleg desse dagane på fjellet og be framføre krossen. Eg treng bønene dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.september 1984
"
K
jære barn! I dag kallar eg på dykk for å byrje å faste med hjartet. Det er mange folk
som
fastar, men berre fordi alle andre fastar. Det har vorte ein vane
som
ingen ynskjer å stoppe. Eg ber soknet om å faste i takkseiing for at Gud har tillate meg åvera så lenge i dette soknet. Kjære barn, fast og be med hjartet. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.oktober 1984
"
K
jære barn! I dag vil eg fortelja dykk at de, på nytt og på nytt,gjer meg glad med bønene dykkar, men det er mange nok av dei i dette soknet
som
ikkje ber, og det gjer hjartet mitt sørgjelegt. Difor, be om at eg kan bringe alle dykkar offer og bøner til Herren. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 8.november 1984
"
K
jære barn! De er ikkje medvetne på bodskapane
som
Gud sender dykk gjennom meg. Han gjev dykk stor nåde og de forstår det ikkje. Be til Den Heilage Ande om klarsyn. Om de berre visste kor stor nåde Gud gjev dykk, ville de be utan opphald. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 15.november 1984
"
K
jære barn! De er eit utvalt folk og Gud har gjeve dykk stor nåde. De er ikkje medvetne på alle bodskapane
som
eg gjev dykk. No vil eg berre seia - be, be, be! Eg veit ikkje kva anna å fortelja dykk, fordi eg elskar dykk, og eg ynskjer at de gjennom bøn skal forstå min kjærleik og kjærleiken frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.desember 1984
"
K
jære barn! De veit at den gledesfylte tida nærmar seg, men utan kjærleik oppnår de ikkje noko. Så fyrst av alt, ta til med å elske din eigen familie, alle i soknet og så blir de i stand til å elska og godta alle
som
kjem hit. Lat no desse sju dagane bli ei veke
som
de treng for å lære å elske. Takk for at de har svara på itt kall.
"
Budskapet, 20.desember 1984
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus.
Som
eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.desember 1984
Fredag. Bodskap gjeven gjennom Jelena Vasilij:
"
E
g ynskjer at de skal vera ein blome
som
vil blomstre for Jesus til jul, og ein blome
som
ikkje vil halde opp med å blomstre når jula er over. Eg vil at hjarto dykkar skal vera gjetarar for Jesus.
"
Budskapet, 10.januar 1985
"
K
jære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei
som
har vorte kjære for hjartet mitt og
som
gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn
som
ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei
som
på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
...
18
Next>>