Medjugorje Budskapene containing 'skal'
Total found:
124
Budskapet, 1.mars 1984
"
K
jære barn! Eg har valt dette soknet på ein særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle
skal
vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire som blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag vil eg koma med ein bodskap til dykk.
"
Budskapet, 17.mai 1984
"
K
jære barn! I dag er eg særs lykkeleg fordi det er mange som ynskjer å vie seg til meg. Takk
skal
de ha. De har ikkje teke feil. Sonen min, Jesus Kristus, ynskjer å skjenke dykk særskild nåde gjennom meg. Sonen min er lykkeleg for dykkar truskap. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 2.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at Den Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de
skal
ikkje angre på det. Gud vil gje dykk gåver som vil få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.oktober 1984
"
K
jære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil gje han til dykk. De
skal
berre be og Gud vil gje dykk den nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 15.november 1984
"
K
jære barn! De er eit utvalt folk og Gud har gjeve dykk stor nåde. De er ikkje medvetne på alle bodskapane som eg gjev dykk. No vil eg berre seia - be, be, be! Eg veit ikkje kva anna å fortelja dykk, fordi eg elskar dykk, og eg ynskjer at de gjennom bøn
skal
forstå min kjærleik og kjærleiken frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 29.november 1984
"
K
jære barn! Nei, de veit ikkje korleis de
skal
elska og de veit ikkje korleis de
skal
lytte med kjærleik til orda eg gjev dykk. Vær klar over, mine kjære, at eg er Mor dykkar og at eg kom til jorda for å lære dykk å lytte med kjærleik og å be med kjærleik, og at de ikkje er tvungne til å bera ein kross. Gjennom krossen er Gud opphøgd i alle menneske. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.desember 1984
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet
skal
ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien
skal
ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.desember 1984
Fredag. Bodskap gjeven gjennom Jelena Vasilij:
"
E
g ynskjer at de
skal
vera ein blome som vil blomstre for Jesus til jul, og ein blome som ikkje vil halde opp med å blomstre når jula er over. Eg vil at hjarto dykkar
skal
vera gjetarar for Jesus.
"
Budskapet, 10.januar 1985
"
K
jære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de
skal
spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.januar 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for Gud, slik som vårblomane lengtar etter sola. Eg er mor dykkar og eg ynskjer alltid at de
skal
koma nærare Faderen og at Han alltid vil gje rikelege gåver til hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.februar 1985
"
K
jære barn! I dag er dagen då eg gjev dykk ein bodskap til soknet, men heile soknet tek ikkje imot bodskapane og etterlever dei ikkje. Eg er skuffa og eg vil at de, kjære barn,
skal
lytte til meg og etterleva bodskapane mine. Alle familiane må be familiebøner og lesa i Bibelen! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.februar 1985
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å leva ordet denne veka: "Eg elskar Gud!" Kjære barn, gjennom kjærleik vil de oppnå alt - til og med det de trur er umuleg. Gud vil at dette soknet
skal
tilhøyre Han heilt. Og det ynskjer eg òg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 16.mai 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk til meir aktiv bøn og deltaking under Den Heilage Messe. Eg ynskjer de
skal
oppleve Gud i messene dykkar. Eg ynskjer særskilt å seia til unge menneske: Vær opne for Den Heilage Ande fordi Gud ynskjer å dra dykk til seg i desse dagane då Satan er aktiv. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 30.mai 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk på nytt til bøn med hjartet. Kjære barn, lat bøn på ein særskild måte bli kvardagsmat for dykk når arbeidet dykkar på markene slit dykk så ut at de ikkje kan be med hjartet. Be, og så
skal
de til og med sigre over alt slit. Bøn vil bli dykkar glede og kvile. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.juni 1985
"
K
jære barn! Fram mot årsdagen oppmodar eg dykk, soknet, til å be meir og å lata bønene dykkar vera eit teikn på overgjeving til Gud. Kjære barn, eg veit at de alle er trøytte, men de veit ikkje korleis de
skal
overgje dykk til meg. Gje dykk heilt og fullt over til meg gjennom desse dagane! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.juli 1985
"
K
jære barn! Eg takkar dykk for kvart offer de har påteke dykk. Og no bønnfell eg dykk om å gje alle offer med kjærleik. Eg vil at de, dei hjelpelause,
skal
ta til å hjelpe med tillit, så vil Gud halde fram med å gje dykk i tillit. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 11.juli 1985
"
K
jære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at Satan trekkjer seg ut av soknet og frå kvart individ som kjem inn i soknet. På den måten
skal
de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.oktober 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like mykje og eg ynskjer at kvar og ein
skal
arbeida så mykje som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 2.januar 1986
"
K
jære barn! Eg kallar dykk til å bestemme dykk for å tene Gud fullstendig. Eg bønfell dykk, kjære barn, om å overgje dykk fullt og heilt til Gud, og så
skal
de bli i stand til å etterleva alt eg fortel dykk. Det vil ikkje bli vanskeleg for dykk å overgje dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 6.februar 1986
"
K
jære barn! Dette soknet, som eg har valt, er spesielt og annleis enn andre. Og eg gjev stor nåde til alle som ber med hjartet. Kjære barn, eg gjev bodskapane fyrst og fremst til innbyggjarane i soknet, og så til alle andre. Fyrst av alt må de akseptere bodskapane, og så dei andre. De
skal
stå til ansvar overfor meg og Sonen min, Jesus. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1
2
3
4
5
6
7
Next>>