Medjugorje Budskapene containing 'mykje'
Total found:
8
Budskapet, 31.mai 1984
Kristi himmelfartsdag. Det var
mykje
folk tilstades, men det kom ingen bodskap. Jomfru Maria fortalte at ho ville gje ein bodskap laurdag, som skulle offentleggjerast i kyrkja sundag.
Budskapet, 5.juli 1984
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å seia dykk, be alltid føre arbeidet dykkar og avslutt arbeidet med bøn. Om de gjer det, vil Gud velsigne dykk og arbeidet dykkar. Desse dagane har de bede for lite og arbeidd for
mykje
. Be difor. I bøn vil de finne kvile. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.august 1984
Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"
E
g ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så
mykje
som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria.
"
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.
Budskapet, 13.september 1984
"
K
jære barn! Eg treng framleis bønene dykkar. De lurer på kvifor de må be alle desse bønene? Sjå dykk rundt, kjære barn, så vil de sjå kor
mykje
synd har dominert verda. Be difor om at Jesus sigrar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 11.oktober 1984
I denne bodskapen blir det referert tilprøving av folket. Denne prøvinga var
mykje
regn midt under innhaustinga av druene:
"
K
jære barn! Takk for at de har via alt dykkar harde arbeid til Gud, sjølv no når Han prøver dykk gjennom druene de plukkar. Vær sikre, kjære barn, på at Han elskar dykk og difor prøver Han dykk. Legg alltid fram byrdene dykkar for Gud og vær ikkje engstelege. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.oktober 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like
mykje
og eg ynskjer at kvar og ein skal arbeida så
mykje
som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 16.oktober 1986
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg på nytt å syne kor
mykje
eg elskar dykk, men eg er lei meg at eg ikkje kan hjelpe alle med å forstå min kjærleik. Difor, kjære barn, kallar eg dykk til bøn og fullstendig overgjeving til Gud, fordi Satan vil skilje dykk i det daglege, og han ynskjer å ta fyrsteplassen i liva dykkar. Kjære barn, be difor utan opphald! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 18.desember 1986
"
K
jære barn! Nok ein gong ynskjer eg å kalle dykk til bøn. Når de ber, er de
mykje
vakrare, som blomster, som etter at snøen er smelta syner all sin venleik og alle fargene blir ubeskrivelege. Så også med dykk, kjære barn, etter bønene dykkar syn Gud det som er fint og som er er elska av Ham. Difor, kjære barn, be og opne hjarto dykkar for Herren, slik at Han kan gjera dykk til ein harmonisk og vakker blomst for paradiset. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose