Medjugorje Budskapene containing 'korkje'
Total found:
4
Budskapet, 30.april 1984
(Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"
S
jølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho
korkje
føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg.
"
Budskapet, 12.september 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at krossen burde vera sentral desse dagane. Be særleg framføre krossen, som det kjem store nådegåver frå. Innvie dykk no særskilt til krossen i heimane dykkar. Lov meg at de
korkje
vil krenke Jesus eller misbruke krossen. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 27.mars 1986
"
K
jære barn! Eg ynskjer å takke dykk for alle offer, og eg kallar dykk til det største av alle offer, kjærleikens offer. Utan kjærleik kan de
korkje
godta meg eller Sonen min. Utan kjærleik kan de ikkje fortelja om erfaringane dykkar til andre. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å ta til å leva med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 3.juli 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk alle til bøn. Utan bøn, kjære barn, er de ikkje i stand til å oppleva
korkje
Gud, eller meg, eller den nåde eg gjev dykk. Difor oppmodar eg dykk til alltid å starte og avslutte dagen med bøn. Kjære barn, eg ynskjer dagleg å leie dykk meir og meir i bøn, men de er ikkje i stand til å vekse fordi de ikke ynskjer det. Mi oppmoding, kjære barn, er at de set bøn på fyrste plass. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose