Medjugorje Budskapene containing 'ein'
Total found:
47
Budskapet, 1.mars 1984
"
K
jære barn! Eg har valt dette soknet på
ein
særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle skal vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire som blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag vil eg koma med
ein
bodskap til dykk.
"
Budskapet, 15.mars 1984
"
O
gså i kveld, kjære barn, er eg på
ein
spesiell måte takksam overfor dykk for å vera her. Tilbe utan opphald det mest velsigna sakramentet på altaret. Eg er alltid til stades når dei truande tilber. Særskild nåde blir då motteken.
"
Budskapet, 22.mars 1984
"
K
jære barn! Eg kallar dykk i kveld, no i fastetida, på
ein
særskild måte til å ære såra til Sonen min, dei Han fekk frå syndene i dette soknet. Forein dykk med bønene mine for soknet, slik at Hans lidingar kan bli moglege å bera. Takk for at de har svara på mitt kall. Prøv å vera endå fleire når de kjem.
"
Budskapet, 29.mars 1984
"
K
jære barn! På
ein
spesiell måte ber eg dykk i kveld om å halde ut prøvingane. Tenk på korleis Den Allmektige framleis lir i dag på grunn av syndene dykkar. Så når lidingar kjem, gje dei som eit offer til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 12.april 1984
"
K
jære barn! I dag bønnfell eg dykk om å slutte med baktaling og om å be for samhaldet i soknet, fordi Sonen min og eg har
ein
særskild plan for dette soknet. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 30.april 1984
(Dette var
ein
måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav
ein
bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"
S
jølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg.
"
Budskapet, 24.mai 1984
"
K
jære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på
ein
særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.mai 1984
Kristi himmelfartsdag. Det var mykje folk tilstades, men det kom ingen bodskap. Jomfru Maria fortalte at ho ville gje
ein
bodskap laurdag, som skulle offentleggjerast i kyrkja sundag.
Budskapet, 7.juni 1984
Ingen bodskap, men jomfru Maria lova å gje
ein
laurdag.
Budskapet, 14.august 1984
Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"
E
g ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så mykje som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst
ein
rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria.
"
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.
Budskapet, 30.august 1984
Bodskapen handlar om krossen som er bygd på
ein
åskam ved Medjugorje:
"
K
jære barn! Krossen var også i Guds plan då de bygde han. Gå særleg desse dagane på fjellet og be framføre krossen. Eg treng bønene dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.september 1984
"
K
jære barn! I dag kallar eg på dykk for å byrje å faste med hjartet. Det er mange folk som fastar, men berre fordi alle andre fastar. Det har vorte
ein
vane som ingen ynskjer å stoppe. Eg ber soknet om å faste i takkseiing for at Gud har tillate meg åvera så lenge i dette soknet. Kjære barn, fast og be med hjartet. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 18.oktober 1984
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til å lesa i Bibelen kvar dag i heimane dykkar. Lat den vera på
ein
synleg stad slik at denalltid oppmuntrar dykk til å lesa og å be. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 29.november 1984
"
K
jære barn! Nei, de veit ikkje korleis de skal elska og de veit ikkje korleis de skal lytte med kjærleik til orda eg gjev dykk. Vær klar over, mine kjære, at eg er Mor dykkar og at eg kom til jorda for å lære dykk å lytte med kjærleik og å be med kjærleik, og at de ikkje er tvungne til å bera
ein
kross. Gjennom krossen er Gud opphøgd i alle menneske. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.desember 1984
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg
ein
blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien skal ha
ein
blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.desember 1984
Fredag. Bodskap gjeven gjennom Jelena Vasilij:
"
E
g ynskjer at de skal vera
ein
blome som vil blomstre for Jesus til jul, og
ein
blome som ikkje vil halde opp med å blomstre når jula er over. Eg vil at hjarto dykkar skal vera gjetarar for Jesus.
"
Budskapet, 27.desember 1984
"
K
jære barn! Denne jula ynskte Satan på
ein
særskild måte å øydeleggje Guds plan. De, kjære barn, har skjegla til Satan til og med på fyrste juledag. Men Gud vil vinne i alle hjarto dykkar. Så lat hjarto dykkar halde fram med å vera glade. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.januar 1985
"
K
jære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på
ein
spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 24.januar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane har de fått erfare Guds godleik gjennom fornyingane som har skjedd i dette soknet. Satan vil arbeide endå meir intenst for å ta bort gleda frå kvar og
ein
av dykk. Gjennom bøn kan de avvepne han fullstendig og sikre gleda dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.februar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane gjev Satan seg til kjenne på
ein
spesiell måte her i soknet. Be, kjære barn, at Guds plan blir sett ut i livet og at kvart initiativ frå Satan fører til ei lovprising av Gud. Eg har vorte hjå dykk så lenge for å hjelpe dykk gjennom prøvingane dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1
2
3
Next>>